Hopp til innhold

Jon Ove Lomheim sikra seg gullet i kombinert under Veteran-OL i Innsbruck. (Foto: privat)

Gull og sølv i Veteran-OL

Hopparar frå Sogn og Fjordane Skikrins sikra seg både gull og sølv i OL for veteranar i Innsbruck denne veka.

Olympiske leikar (OL) for veteranar vert avvikla i Innsbruck i perioden 10.-19. januar, der det vert konkurrert innan fleire ulike vinteridrettar. 

Jon Ove Lomheim (Hafslo IL) vart olympisk meister i kombinert i klasse M65-69, medan det vart sølv i K40 og 7. plass i K70.

Nettsak i Porten: Jon Ove blei olympisk meister: – Det er veldig kjekt

Nils Olav Kongsvik (Førde IL) sikra seg sølvet i klasse M60-64  i K40 og ein 5. plass i K70, medan Ove Fredheim (Hafslo IL) fekk sølv i både K70 og K100 i klasse M55-59.

OL for veteranar vert arrangert kvart fjerde år, og det er i alt 12 tradisjonelle vintergreiner. 
Meir informasjon om meisterskapet finn ein på www.innsbruck2020.com


Ove Fredheim og Nils Olav Kongsvik. (Foto: privat)


Ove Fredheim (t.v.) på pallen i K70. (Foto: privat)


Jon Ove Lomheim (t.v.) på pallen i K40. (Foto: privat)

NIF-EPI01, 01