9. plass i europacup
Andrine Mårstøl køyrde fredag inn til ein sterk 9. plass i europacuprennet i slalåm i Sveits.
Haugen-løparen vart nest beste norske med 9. plassen i slalåm under europacup i sveitsiske Hasliberg. Ho var 0,94 sekund bak vinnar Martina Peterlini frå Italia, og 1 hundredel bak beste norske Maria Therese Tviberg.
Torsdag køyrde Mårstøl inn til 17. plass i same disiplin i europacup i Hasliberg.