Hopp til innhold

Hugs skilisens!

Skisesongen er i gong - hugs at alle skiløparar over 13 år må betale skilisens for å kunne delta på skirenn. Med skilisens får du også den beste forsikringa ved idrettsskade både i trening og i konkurranse.

Barn under 13 år
Fram til den dagen ein fyller 13 år er alle barn som er medlemar i eit idrettslag automatisk dekka av Norges idrettsforbund si barneforsikring. Då treng ein ikkje betale skilisens.

F.o.m. fylte 13 år er ein ikkje lenger forsikra gjennom barneforsikringa, og må løyse skilisens for å kunne delta i terminfesta renn - enten årslisens eller eingongslisens.

Med skilisens får du ein god forsikring ved idrettsskade både i trening og i konkurranse. Lisenssesongen går frå 01.10 - 30.09.

Betale ny skilisens
Alle utøvarar med betalt årslisens får e-post om at ny årslisens ligg klar til betaling på si side i Min Idrett.
Ta kontakt med klubb eller skikrinsen dersom du ikkje har fått lagt til ny årslisens eller skal betale skilisens for første gong.

På sida for skilisens finn ein oversikt over dei ulike lisenstypane, i tillegg til anna nyttig informasjon.

Skilisens

NIF-EPI03, 03