Hopp til innhold

FIS-registrering Langrenn

Det er tid for inn- og utmelding av FIS-liste langrenn. Frist for inn-/ utmelding er 5. september 2019.

UTMELDING - FRIST 5. SEPTEMBER 2019
Under følgjer liste over aktive FIS-utøvarar frå Sogn og Fjordane sesongen 2018-2019.

Utøvarar som ikkje ynskjer å stå på FIS-lista sesongen 2019-2020 gjev tilbakemelding til krinskontoret innan 5. september 2019.

INNMELDING - FRIST 5. SEPTEMBER 2019
Nye utøvarar (f. 2003) som skal delta i FIS-renn (NM, Jr. NM, norgescup senior, norgescup junior etc.) kommande sesong skal underteikne AD-skjema (Athletes Declaration).

Skjemaet sender ein til krinskontoret.

AD-skjema underteiknar ein kun ein gang i karrieren (skal ikkje fornyast). For utøvarar under 18 år må AD-skjema også signerast av føresette.

Når AD-skjema er innsendt, blir ein ført inn på FIS-lista og det vert oppretta ein FIS-kode på utøvaren.

Ein beheld FIS-koden til ein aktivt melder frå at ein ikkje ynskjer å stå på FIS-lista lenger. FIS-koden følgjer alle påmeldingar automatisk.

NB! Ver merksam på at det kostar kr. 350,- å stå oppført på FIS-lista kvar sesong.

FIS-liste Sogn og Fjordane 2018-2019 (pr. 09.09.2019)

AD-skjema

Evt. spørsmål kring ordninga rettast til adm. sjef i Sogn og Fjordane Skikrins, Ingrid Narum, tlf. nr. 92 60 14 21.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02