Hopp til innhold

FIS-registrering Alpint

Frist for inn-/ utmelding av FIS-liste alpint til sesongen 2019-2020 er 15. september 2019.

UTMELDING - FRIST 15. SEPTEMBER 2019
Under følgjer liste over aktive FIS-utøvarar frå Sogn og Fjordane føregåande sesong (2018-2019).

Utøvarar som ikkje ynskjer å stå på FIS-lista kommande sesong (2019-2020) gjev tilbakemelding til krinskontoret innan 15. september 2019.

INNMELDING - FRIST 15. SEPTEMBER 2019
Nye utøvarar (f. 2003) som skal delta i FIS-renn kommande sesong (2019-2020) skal underteikne AD-skjema (Athletes Declaration).

NB! Ein må ha underteikna AD-skjema for å kunne stille til start i FIS-renn.

Skjemaet sender ein til krinskontoret.

AD-skjema underteiknar ein kun enn gang i karrieren (skal ikkje fornyast). For utøvarar under 18 år må AD-skjema også signerast av føresette.

Når AD-skjema er innsendt, blir ein ført inn på FIS-lista og det vert oppretta ein FIS-kode på utøvaren.

Ein beheld FIS-koden til ein aktivt melder frå at ein ikkje ynskjer å stå på FIS-lista lenger. FIS-koden følgjer alle påmeldingar automatisk.

FIS-lisensen er kr. 500,- pr. utøvar pr. sesong.

FIS-liste Sogn og Fjordane 2018-2019 (oppdatert 05.08.2019)

Ad-skjema

Evt. spørsmål kring ordninga rettast til adm. sjef i Sogn og Fjordane Skikrins, Ingrid Narum, tlf. nr. 92 60 14 21.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03
NTB scanpix