Hopp til innhold

Enivest Skiskule 2019

10.-13. oktober er det klart for årets Enivest Skiskule - i år med Steinar Mundal og Team Veidekke Vest.

Gjøran Tefre og Førde IL Langrenn i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins inviterer til skiskule i Førde 10.-13. oktober 2019.

Skiskulen er for utøvarar fødd mellom 2004 og 2008. 

Innbyding

Påmelding

Påmelding innan 30. september 2019.

Steinar Mundal kjem også i år til skiskulen, i tillegg vil Team Veidekke Vest (TVV) ha samling i Førde denne veka. Dei skal også delta på rulleskirennet på Langeland søndag, og vil bu på hotellet og bidra på Enivest skiskule. Eivind Arne Bjaaland (trenar TVV), Steinar Mundal og Gjøran Tefre vil halde innlegg for deltakarar og foreldre søndag 13. oktober kl. 10.00 på Scandic Sunnfjord Hotell. 

Krinslaget skal også ha samling i Førde same veke og vil delta på rulleskirennet.

Følg med på «Enivest Skiskule» facebook eller www.skikrinsen.no for oppdateringar og informasjon om skiskulen. 

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02
NTB scanpix