Hopp til innhold

Johannes Årdal, Erlend Sie og Torje Seljeset på Storsamling 2019 (foto: Kari Gjelsvik).

Storsamling i Oslo

Hopparar frå Sogn og Fjordane fekk utfordra seg på Storsamling i Oslo denne veka.

Johannes Årdal (Jølster IL), Erlend Sie (Hafslo IL) og Torje Seljeset (Hornindal IL) deltok på Norges Skiforbund si Storsamling i hopp i Midtstualia i Oslo 24.-28. juni. 

Det vart hoppa i både K60 og K95, og Torje Seljeset fekk sin debut i K95 under samlinga.

Storsamlinga vert arrangert årleg med mykje variert aktivitet og hopping, og passar for alle aldersgrupper. Hopplandslaget sitt trenarteam har ansvar for den sportslege gjennomføringa.

NIF-EPI02, 02