Hopp til innhold

Bilete frå SFEhopp Cup på Hafslo.

Tre nye år med SFE

Sogn og Fjordane Energi (SFE) held fram som hovudsponsor for Sogn og Fjordane Skikrins i tre nye år.

Det er klart etter at partane signerte ei ny treårig samarbeidsavtale frå 01. mai 2019.

Monica Lystad, kommunikasjonsrådgjevar i SFE, seier samarbeidsavtalen skal kome idretten i fylket til gode.
- Vi i SFE er opptekne av å bidra som ein støttespelar til idretten i fylket, og vi meiner Sogn og Fjordane Skikrins gjer eit flott og viktig arbeid som SFE ynskjer å vere ein del av. Avtalen sikrar skikrinsen eit godt grunnlag for å halde fram det viktige arbeidet for skisporten og innbyggjarane i Sogn og Fjordane, og SFE er glade for at vi kan bidra til vekst og utvikling i lokalsamfunna våre.

SFE har vore hovudsponsor til Sogn og Fjordane Skikrins sidan 2006. Den nye avtalen sikrar samarbeid mellom partane fram til april 2022.

- Vi er veldig glade for at SFE blir med oss vidare som ein viktig hovudsamarbeidspartnar. Samarbeidet gir oss ein større grad av forutsigbare og gode rammer for utvikling av hopp/ kombinert og langrennssporten i fylket, både for breidde og satsing. I tillegg er SFE sitt sterkt lokale og regionale engasjement noko vi absolutt ynskjer å identifisere oss med, seier administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins Ingrid Narum.


Bilete over av krinslagsløparar i langrenn.

nif-epi04, 04