Hopp til innhold

Foto: Norges Skiforbund

Korleis få med fleire?

På Skikrinstinget og Vårmøtet 25. mai på Skei kan du m.a. få med deg foredraget "Korleis få med fleire? Rekruttering til skiidretten".

Kva barrierar og utfordringar møter vi i rekrutteringsarbeidet, og korleis jobbar ein med rekruttering i ein verden full av tilbod og moglegheiter?

Atle Rolstadaas frå utviklingsavdelinga i Norges Skiforbund er ein engasjert og inspirerande foredragshaldar, som m.a. vil ta oss med inn på suksessfaktorar i rekrutteringsarbeidet.

Atle har sjølv vore engasjert på alle nivå i norsk skiidrett. Frå aktiv alpinist, trenar i klubb, krets og universitetslag, til tillitsvalt i alpinkomiteen i Norges Skiforbund og Sør-Trøndelag Skikrets. Sidan 2016 har han jobba i utviklingsavdelinga til skiforbundet, og har særleg lagt ned mykje arbeid med implementeringa av skiforbundet sin utviklingsmodell (SUM).

SKIKRINSTINGET - VÅRMØTET 2019

NIF-EPI01, 01