Hopp til innhold

Ivar Ulvedal fekk medalje av statsministar Erna Solberg etter Ridderrennet 2019 (foto privat).

Ridderrennet for 16. gong

Ivar Ulvedal deltok forrige helg på Ridderrennet for 16. gong og tok sigeren i si klasse på 20 km.

Veten-løparen har delteke på mange skirenn i år både nasjonalt og lokalt på krinsrenn. Han avrundar sesongen med Holmøyskarrennet på heimebane til helga.

Skikrinsen håpar at enno fleire para-utøvarar frå fylket følgjer i Ivar sine skispor, og deltek både på lokale og nasjonale renn.

Skiforbundet legg også opp til nasjonale samlingar, både på ski og barmark, som ein håpar enno fleire har lyst til å delta på.

Aktuell informasjon frå Skiforbundet:
Nettside: https://www.skiforbundet.no/para/
Facebook-side: https://www.facebook.com/skiforbundetpara/

Ridderrennet er eit skirenn for para-utøvarar og vert arrangert på Beitostølen i kvart år i slutten av mars månad som ein del av den internasjonale Ridderuka. 

Ivar Ulvedal (bilete under) har deltek i 16 år på Ridderrrennet og tatt sigeren i si klasse dei aller fleste gonger. Så også i år!

nif-epi04, 04