Hopp til innhold

Bilete frå precamp på Ål.

Hovudlandsrennet Oppdal

Sist veke vart Hovudlandsrennet i alpint arrangert på Oppdal, der utøvarane frå Sogn og Fjordane leverte gode løp og fekk prøvd seg i tøff konkurranse.

I Hovudlandsrennet i alpint konkurrerer ein i felles klasse for 15 og 16 år - U16 (f. 2003 og 2004).

I tøff konkurranse med utøvarar frå heile landet og i utfordrande løyper på Oppdal, leverte alle frå Sogn og Fjordane gode prestasjonar og tok med seg mange erfaringar.

Elias Helle Felde (Breimsbygda IL) var den som hadde dei beste plasseringane med m.a. ein flott 5. plass i super-combi og 6.plass i utfor. Johan Felde (Haugen IL) fekk ein fin 34. plass i storslalåm og fekk også premie.

Elias saman med Kristin Hofslundsengen og Evita Brenden (begge Sogndal IL) er født i 2003 og deltok i Hovudlandsrennet på siste året.

Johan Felde, Jan Rand, Oliver Sæthre (alle Haugen IL) 0g Eivind Hofslundsengen (Sogndal IL) er alle født i 2004 og har framleis er eit år igjen med Hovudlandsrenn.

Resultat HL 2019 - gutar Resultat HL 2019 - jenter

nif-epi04, 04