Hopp til innhold

Bilete frå årets Holmøyskarrenn (foto: Per Hatledal).

Holmøyskarrennet

I strålande påskevêr var André Haugsbø og Bodil Ryste raskaste mann og kvinne under årets versjon av Holmøyskarrennet. Resultatservice.

Arrangør IL Veten og Hardbagg IL kan vere strålande nøgd med årets Holmøyskarrenn, som vart arrangert for 52. gong i fantastisk påskevêr palmesøndag. Totalt 412 løparar stilte til start, og 50 av desse i konkurranseklassane.

Arrangøren hadde gjort ein stor innsats med løypene, der traséen i år var litt annleis grunna snøtilhøva, og det vart ein flott dag i løypene for deltakarane.

Resultatservice

NIF-EPI01, 01