Hopp til innhold

Andrea og Eirin Fiskaa Haugen på pallen under junior-NM (foto: Norges Skiforbund/ Morten V. Eriksen).

Medaljar i junior-NM

Tvillingane Andrea og Eirin Fiskaa Haugen tok sølv og bronse i junior-NM i telemark laurdag.

Det vart eit tett race mellom tvillingsøstrene frå Luster Telemarkklubb, der det til slutt berre skilte sju tidel i sprinten under meisterskapet i Asker.

Også Sara Felde Liljedal frå Syril IL gjorde ein god konkurranse og enda til slutt på ein 4. plass.

Resultat NM og jr-NM telemark

NIF-EPI02, 02