Hopp til innhold

Bilete frå FIS Jølster søndag (foto: Jølster IL Alpin).

Flott alpinhelg på Jølster

Ei flott helg med FIS Jølster vart avslutta søndag med nok ein seier til Haugen-løparen Andrine Mårstøl.

Arrangør Jølster IL Alpin kan sjå tilbake på eit flott arrangement med FIS-renn og junior-NM i strålande vintervær og under flotte forhold i Jølster Skisenter i helga.

Andrine Mårstøl følgte opp laurdagens seier med ein ny sterk 1. plass i slalåmrennet søndag. 
- Andrine raskast i FIS Jølster

Også Jølster-løparen Jørgen Aarøen Taklo følgte opp med ei ny flott plassering søndag, og 17-åringen køyrde inn til ein 12. plass herreklassen. Her gjorde også 16-åringen Sindre Myklebust (Sogndal IL) det godt med ein 15. plass.

Resultat kvinner - 10. mars

Resultat menn - 10. mars


Bilete over: Andrine Mårstøl på pallen etter søndagens seier i FIS Jølster (foto: privat).


Foto over: Jølster IL Alpin

nif-epi04, 04