Hopp til innhold

Andrine Mårstøl under FIS Jølster.

4. plass i NM

Andrine Mårstøl køyrde inn til ein sterk 4. plass i super-G under NM i Hemsedal måndag. Dermed fekk ho også bronse i Junior-NM for U21.

Haugen-løparen var berre 21 hundredel frå ein pallplass og NM-medalje for seniorar. Rennet var også Junior NM for U21, og her var Andrine 3. best og fekk dermed NM-medalje for juniorar.

Søndag vart Mårstøl nr. 11 i slalåmrennet under NM, medan ho køyrde ut i laurdagens storslalåmrenn.

Blant herrane vart Sindre Myklebust (Sogndal IL) og Andreas Strand (Jølster IL) henholdvis nr. 41 og nr. 43 i storslalåm laurdag. Under søndagens slalåmrenn køyrde Andreas Strand ut i sin sterkast disiplin. Her vart Jørgen Aarøen Taklo nr. 32.

NM held fram måndag ettermiddag med teamevent i parallellslalåm mellom kretsane.

Live resultat

Arrangørene sine nettsider 

NIF-EPI01, 01