Hopp til innhold

Sparebanken Vest stipend

I Sogn og Fjordane Skikrins sin nye treårige samarbeidsavtale med Sparebanken Vest er det lagt til rette for å søke på utøvarstipend for utøvarar innan alpint frå Sogn og Fjordane.

Sparebanken Vest ynskjer at skikrinsen (alpinkomiteen) står som søkjar og kjem opp med kandidatar som ein meiner har potensiale til å nå langt.

Alpinkomiteen har komme fram til følgjande kriterie som skal ligge til grunn for søknad på utøvarstipend:

  • FIS-løpar
  • Utøvar frå Sogn og Fjordane og representerer klubb frå Sogn og Fjordane
  • Utøvar må vise potensiale til å nå langt
  • Utøvaren viser gode haldningar

Ramma vil vere inntil kr. 50.000,- pr. år. Om det er fleire kandidatar må ein evt. dele opp summen i stipendet.

Utøvarar kan berre tildelast stipendet ein gong i løpet av avtaleperioden.

Fristen for søknad i 2019 til alpinkomiteen er 01. mars 2019

Søk her

Saka vart også informert om på alpinkomiteen sitt Haustmøte 27. oktober 2018.

For evt. spørsmål kontakt:

Ingrid Narum
Adm.sjef Sogn og Fjordane Skikrins
E-post: ingrid.narum@skiforbundet.no 
Tlf: 92 60 14 21

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
nif-epi04, 04
NTB scanpix