Hopp til innhold

Torje Seljeset på Solan Gundersen 2019 (foto privat).

Solan Gundersen 2019

Solan Gundersens Vinterleikar i hopp og kombinert vart arrangert i helga 22.-24. februar på Alvdal.

Frå Sogn og Fjordane deltok Torje Seljeset (Hornindal IL og Markane IL) i klasse gutar 14 år.

Solan Gundersen Vinterleikar er hovudrennet i hopp og kombinert for aldersklassane 12-14 år, med deltaking frå heile landet.

I kombinert fredag gjekk Torje inn til ein fin 6. plass i si klasse, medan det laurdag vart ein 10. plass i hopp K48.

Årets arrangement var det 21. i rekka.

Resultat hopp

Resultat kombinert 

nif-epi04, 04