Hopp til innhold

Sogn og Fjordane-leikane

Pga. rådande snøforhold får vi ikkje til å arrangere Sogn og Fjordane-leikane i Sogndal Skisenter, Hodlekve, kommande laurdag 02. mars. Vi utset difor arrangementet til neste år.

Vi ynskjer at det skal vere gode snøforhold slik at ein får prøve å vere Sogn og Fjordane-leikar, og kjem sterkare tilbake til neste sesong!

Sogn og Fjordane-leikane er eit arrangement på tvers av alle greinene i Sogn og Fjordane Skikrins og er open for alle, både aktive og nye, til å prøve ut dei ulike greinene.

Her skal alle kunne prøve alpint, langrenn, hopp, randonee og telemark uansett kva skiutstyr ein har. Det blir laga til spennande løyper for alle greinene rundt SIL-hytta i Sogndal Skisenter.

Sogn og Fjordane-leikane skal:

  • vise at det er moro å bruke ski og snø
  • legge til rette for å bli kjent på tvers av greiner og lære av kvarandre
  • gi alle høve til å prøve dei ulike skigreinene
  • vise fram samarbeidspartane til skikrinsen

presentasjon Sogn og Fjordane leikane

RAMMEPROGRAM:

  • Start ca. kl. 11.00 i Sogndal Skisenter - Hodlekve v/ SIL-hytta
  • Presentasjon av alle stasjonane (ein stasjon for kvar grein)
  • Ynskje samarbeidspartnarane velkommen
  • Alle som vil får kvar sitt nummer som dei beheld heile dagen
  • Utprøving av stasjonar/ aktivitetar for alle
  • Ein dommar gjev poeng for innsats og utføring på kvar stasjon.
    Dei som har best score får tittelen Sogn og Fjordane-leikaren!
  • Sosialt og grilling v/ SIL-hytta
  • Avslutning ca. kl. 14.00

Følg Sogn og Fjordane-leikane på facebook

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI02, 02
Morten V. Eriksen