Hopp til innhold

Bilete av Andreas Strand.

Seier i FIS-renn

Andrine Mårstøl (Haugen IL) og Andreas Strand (Jølster IL) held fram med solid køyring i alpinbakken, og vann kvart sitt FIS-renn i helga.

Mårstøl vann storslalåm under FIS-rennet på Oppdal fredag 08. februar, medan Strand tok seieren i slalåmrennet på Vassfjellet laurdag 09. februar.

Dermed viser dei to løparane frå Sogn og Fjordane solid form før junior-VM i Italia 18.–27. februar;
- Mårstøl og Strand til Jr.-VM

FIS Oppdal held fram med slalåm måndag 11. februar og storslalåm tysdag 12. februar.
LIVE RESULTAT - FIS oppdal

LIVE RESULTAT - FIS vassfjellet

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03
NTB scanpix