Mårstøl og Strand til Jr.-VM
Andrine Mårstøl (Haugen IL) og Andreas Strand (Jølster IL) er tekne ut til junior-VM i alpint i Italia.
Dei to alpinistane frå Sogn og Fjordane er blant dei 16 utøvarane Norges Skiforbund har tatt ut til meisterskapen i italienske Val di Fassa 18.–27. februar.
Både Mårstøl og Strand har hatt ein svært god sesong med mange gode resultat i FIS-renn.
Sogn og Fjordane Skikrins gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til i meisterskapen!