Hopp til innhold

Korleis skape skiglede for barn?

Vi ynskjer mange leikande og glade barn på ski i alle våre greiner, og minner om bestemmelsane i barneidretten.

Bestemmelsane om barneidrett er noko alle som driv aktivitet i norsk idrett er pålagt å følgje, og gjeld t.o.m. 12 år og er ufråvikeleg. Dei sørgjer for at barn sitt møte med idretten blir prega av leik og glede, uavhengig av utviklingsnivå og alder.  

Nedanfor finn ein lenke til brosjyre og til ofte stilte spørsmål rundt tematikken.
BROSJYRE SKI OFTE STILTE SPØRSMÅL BARNA I FOKUS 

To sentrale punkt er premiering og resultatlister.

  • Alle barn skal få premie i eit idrettsarrangement dersom premiering skjer.
  • Det kan nyttast resultatlister, tabellar og rangeringer i konkurransar for barn frå det året dei fyller 11 år, dersom dette er formålstenleg.

Det betyr at publisering av resultatlister, også urangerte, verken skal publiserast på heimesider, Facebook eller i andre kanalar for barn under 11 år.

Spørsmål om bestemmelsane kan rettast til skikrinsen eller idrettskrinsen.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03