Hopp til innhold

Førde-løparar (Bu og Tefre) under NM-sprinten i Meråker (foto: NTB scanpix).

13. plass på NM-stafetten

Søndag var det langrennssporten sin festdag med NM-stafett, og herrelaget til Førde IL gjekk inn til ein flott 13. plass.

På laget gjekk Gjøran Tefre, Sindre Hoff og Torstein Bu. Lyn Ski vant NM-stafetten.

Dette er bestenotering for Førde IL på den ordinære NM-stafetten. I 2018 gjekk Gjøran Tefre og Torstein Bu inn til ein 5. plass på teamsprint i NM.

Gaular IL stilte også på start på herrestafetten, og med André Haugsbø, Bjørn Borkamo og Lars Øvrebø på laget vart det til slutt ein 60. plass. 

Førde IL sitt damelag stilte ikkje til start.

Laurdag var det skiathlon i NM med 30 km for herrane. Her vart Jon Rolf Skamo Hope (Hyen IL) nr. 33 og Torstein Bu nr. 36. 

NM-sprinten fredag: Tette duellar i NM-sprinten

Resultat NM 2019 Meråker

nif-epi04, 04