Hopp til innhold

SSF KM Friteknikk

Med bakgrunn i vermeldingane for helga med mildver og mykje regn, vert SSF KM Friteknikk flytta frå søndag (29.12.2019) til laurdag (28.12.2019). Rennet vert avvikla på Ullsheim med Førde IL som arrangør i samarbeid med Markane IL.

Merk at første start er kl. 13.00.

Oppdatering pr. 26.12.2019:
Rennet vert flytta fram til laurdag (28.12.2019) frå søndag.
Bakgrunnen for flyttinga er vermeldingane for helga med mildver og mykje regn laurdag og søndag. Dette i kombinasjon med noko marginale snøforhold på Ullsheim, gjer at løypesjef (Arvid Hatledal) meiner det er større sannsynlegheit for at vi kan skape eit godt arrangement laurdag.

Oppdatering pr. 24.12.2019:
Grunna rådande forhold på Langeland etter mildvær siste veka, vert KM gjennomført på Ullsheim dersom forholda der ikkje endrar seg vesentleg.

Arrangementet inngår i SSF Cup for junior.

INNBYDING - PÅMELDING

NIF-EPI02, 02