Hopp til innhold

Foto: Norges Skiforbund

Søk om utstyrspakke skileik

No kan di skigruppe søke skikrinsen om utstyrspakke til skileik.

Sogn og Fjordane Skikrins har fått støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til innkjøp av 10 stykk utstyrspakkar til skileik.

Alle skigrupper kan søke skikrinsen om å få ein utstyrspakke til bruk i sin aktivitet. I tillegg til utstyrspakka vil skigruppa få tilbod om eit besøk frå skikrinsen, der ein får gode aktivitetstips i bruk av utstyret.

Utstyrspakke skileik:

  • skapar variert og morosam aktivitet i skigruppene som triggar basisferdigheiter på ski
  • kan nyttast av alle skigreiner og på tvers av greinene
  • utstyrspakka består av portar, bogeportar, børstar, beachflagg og terningar
  • utstyret kan også nyttast til å skape spennande arrangement

Utstyrspakka vert utlevert ved krinskontoret i Førde.

Søk her

Søknadsfrist: 10. desember 2019

For evt. spørsmål kontakt krinskontoret.

 

nif-epi04, 04