Hopp til innhold

Sindre Myklebust er klar for Ungdoms-OL. (Foto: privat)

Sindre tatt ut til Ungdoms-OL

Sindre Myklebust (Sogndal IL) er tatt ut til Ungdoms-OL i Lausanne i januar.

17-åringen er ein av tre mannlege utøvarar som er tatt ut til å konkurrere i alpint under Ungdoms-OL (YOG) som vert arrangert i Lausanne i Sveits 9.-22. januar 2020.

Sogndølen blir dermed den andre skiløparen frå Sogn og Fjordane som skal representere Noreg under Ungdoms-OL, då også Trym Dalset Lødøen (Haugen IL) er tatt ut og skal delta i randonee.

Troppen til Noreg tel totalt 55 utøvarar frå 13 disiplinar.

uttak YOG Lausanne 2020

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI01, 01