Hopp til innhold

Sogn og Fjordane-leikane

Laurdag 1. februar 2020 er det klart for Sogn og Fjordane-leikane i Sogndal Skisenter - Hodlekve, eit arrangement på tvers av alle greinene i Sogn og Fjordane Skikrins.

Her kan ein prøve ut dei ulike skigreinene alpint, langrenn, hopp, randonee og telemark. Det blir laga til spennande løyper! 

Tidspunkt:
Laurdag 1. februar 2020, kl. 11.00-14.00

Stad:
Sogndal Skisenter - Hodlekve

For kven:
Arrangement er open for alle, både aktive og nye, og med det skiutstyret ein har.

Sogn og Fjordane-leikane skal:

  • vise at det er moro å bruke ski og snø
  • legge til rette for å bli kjent på tvers av greiner og lære av kvarandre
  • gi alle høve til å prøve dei ulike skigreinene
  • vise fram samarbeidspartnarane til skikrinsen

Følg Sogn og Fjordane-leikane på facebook

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
nif-epi04, 04
NTB scanpix