Hopp til innhold

Sogn og Fjordane-leikane

Laurdag 1. februar er det klart for Sogn og Fjordane-leikane 2020 i Sogndal Skisenter - Hodlekve, eit arrangement på tvers av alle greinene i Sogn og Fjordane Skikrins.

Her kan ein prøve ut dei ulike skigreinene alpint, langrenn, hopp og telemark. Det blir laga til spennande løyper! 

Tidspunkt:
Laurdag 1. februar 2020, kl. 11.00-14.00

Kl. 11.00-14.00: Utprøving av løyper og ulike greiner for alle
Kl. 12.00-13.30: Vi kårar Sogn og Fjordane-leikaren!
                              Kom å få startnummer og prøv ut alle greinene. Innsats og skiferdigheiter heng høgt! 

Stad:
Sogndal Skisenter - Hodlekve

Kart Sogndal Skisenter
(skiaktiviteten skjer i Rindabotn, punkt 2 på kartet)

For kven:
Arrangement er open for alle i alle alder, både aktive og nye, og med det skiutstyret ein har. Ingen påmelding.

Sogn og Fjordane-leikane skal:

  • vise at det er moro å bruke ski og snø
  • legge til rette for å bli kjent på tvers av greiner og lære av kvarandre
  • gi alle høve til å prøve dei ulike skigreinene
  • vise fram skikrinsen sine samarbeidspartnarar

Følg Sogn og Fjordane-leikane på facebook

nif-epi04, 04