Resultat rulleskirenn Langeland
I flott haustvêr vart det mange tette duellar under rulleskirennet på Langeland søndag.
Raskast i seniorklassa var hyaren Jon Rolf Skamo Hope og Karoline Simpson-Larsen (Vargar IL). Begge to går for Team Veidekke Vest.
Rennet hadde eit breitt spekter av deltakarar med m.a. løparar frå Team Veidekke Vest, krinslaget til Sogn og Fjordane, løparar frå Hordaland kretslag og deltakarar frå Enivest Skiskule.