Hopp til innhold

Foto: Team Veidekke Vest.

Krinssamling med Team Veidekke Vest

9.-13. oktober er det klart for ny krinssamling i langrenn - denne gongen i Førde med fleire økter i lag med Team Veidekke Vest.

Det blir ei tøff og inspirerande samling i Førde! Fleire av øktene blir i lag med Team Veidekke Vest (TVV), der ein kan få kjenne på nivået og stille spørsmål til utøvarane og trenerane. Samlinga avsluttast med rulleskirenn på Langeland søndag.

I tillegg deltek krinslaget på økonomikurs med hovudsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane torsdag 10. oktober, og temakveld om ernæring og skadeførebygging med OLT Vest fredag 11. oktober.

SAMLINGSPLAN:

Onsdag 9. okt.:
1.økt kl. 10:00: Rulleski klassisk intervall i3, 1,5-2t (med TVV)

2.økt kl. 17:00: Løp restitusjon, 1-1,5 t

Torsdag 10. okt.:
1.økt kl. 10:00: Rulleski skøyting intervall i3, 1,5-2t (med TVV)

Kl. 14:00-15:00: Økonomikurs med Sparebanken Sogn og Fjordane (i banken sine lokale)

2.økt kl. 17:00: Løp restitusjon/alternativt, 1-1,5 t

Fredag 11. okt.:
1.økt kl. 09:00: Løp langtur, 1,5-2,5 t

2.økt kl. 16:00: Rulleski "Nils Spesial" (med TVV)

Kl. 19:00-21:00: Temakveld OLT Vest: Ernæring og skadeforebygging

Laurdag 12. okt.:
1.økt kl. (ikkje klart):  Spinning og basisstyrke, 1,5-2t

2.økt kl. 16:00: Rulleski - teknikkøkt med TVV

Søndag 13. okt.:
Rulleskirenn Langeland kl. 13:00.

Trenarar på samlinga;
Simen Bækken og Roger Pollen

Les meir om krinslaget i langrenn

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03