Hopp til innhold

Ingvild Pettersen frå Sunn Idrett på Idrettens Møteplass 2019 (Foto: Idrettskrinsen)

Idretten samla på Sandane

Laurdag 26. oktober gjekk Idrettens Møteplass 2019 av stabelen på Sandane med m.a. Haustmøtet til skikrinsen og treningssamling på tvers av idrettar.

Dagen vart innleia med foredraget "Kvardagsmeistring i eit prestasjonsmiljø" av psykolog Ingvild Pettersen frå Sunn Idrett. Pettersen delte nyttig kunnskap og erfaringar om tema stress, press, fellesskap, motivasjon og balanse i idrett og trening.

Etter lunsj vart Haustmøtet til skikrinsen gjennomført med fellesdel og greinvise fagmøter.

Presentasjon Haustmøte - fellesdel

Presentasjon Haustmøte Alpint

Referat Haustmøtet Alpint

Presentasjon Haustmøte Langrenn

Referat Haustmøtet Langrenn


Bilete over: Presentasjon frå skikrinsen sin samarbeidspartnar Coop Nordvest SA på Haustmøtet.

Parallelt med foredrag og møter var over 60 ungdomar samla på "Treningssamling på tvers av idrettar" i Trivselshallen, der dei fekk gode basisøkter med Ole Morten Mardal (GFIL/ Firda vgs.) og Marcus S. Dasa (Olympiatoppen Vest).

Foto: Idrettskrinsen

Idrettens Møteplass vert arrangert av Idrettskrinsen i samarbeid med særkrinsar, og vart gjennomført for tredje året på rad.

NIF-EPI03, 03