Hopp til innhold

Velkommen til Haustmøtet

Laurdag 26. oktober er det klart for Sogn og Fjordane Skikrins sitt Haustmøte på Sandane og Idrettens Møteplass. Informasjon er oppdatert pr. 25.10.2019.

For tredje året på rad legg skikrinsen sitt Haustmøte til Idrettens Møteplass. 

Anders Fannemel, som skulle halde eit innlegg under fellesdelen på Haustmøtet, har dessverre måtte melde forfall grunna skadeproblematikken sin. På fellesdelen til Haustmøtet blir det anna nyttig informasjon for kommande sesong.

Stad:
Sandane, Trivselshagen/ Firda vgs.

Tidspunkt:
Laurdag 26. oktober 2019

RAMMEPROGRAM

Tidspunkt Innhald Kvar
Kl. 09.30-10.00 Registrering, kaffi/ te Trivselshagen/ Kinosalen
Kl. 10.00 Start "Treningssamling på tvers"(for ungdom 12-19 år) Firdahallen
Kl. 10.00-12.00 Foredrag "Kvardagsmeistring i eit prestasjonsmiljø" v/ psykolog Ingvild Pettersen, Sunn Idrett

Psykolog og tidlegare langrennsløpar Ingvild Pettersen frå Sunn Idrett snakkar om motivasjon, fellesskap og balanse i kvardagen, i tillegg til korleis ein kan meistre stress og forventningar.

Trivselshagen/ Kinosalen
Kl. 12.00 Lunsj Trivselshagen/ Kantina
Kl. 13.00-13.45 Haustmøtet Sogn og Fjordane Skikrins - fellesdel (alle greiner):

  • Rekruttering - arrangement og aktivitet kommande vinter
  • "Korte kurs i klubb" - nytt kurstilbod
  • Sesonginformasjon
  • Presentasjon v/ Coop Nordvest SA
Trivselshagen/ Kultursalen
Kl. 14.00-16.00 Haustmøtet Sogn og Fjordane Skikrins - greinvise fagmøter;

Firda vgs.

Haustmøtet til Hopp og Kombinert er flytta til 28.10.2019. Informasjon vert sendt dei påmeldte pr. e-post.
Sakliste Haustmøte Hopp og Kombinert

Påmeldingsfrist til Haustmøtet: Torsdag 24. oktober

Etterpåmelding - send e-post til ingrid.narum@skiforbundet.no

Deltakarliste pr. 25.10.2019

I år er det kostnadsfritt å delta på Idrettens Møteplass og Haustmøtet.

IDRETTENS MØTEPLASS 2019

NIF-EPI03, 03