Hopp til innhold

Bilete frå fagøkta ved Breimsbygda Skisenter (foto: Bertine T. Lefdal).

Inspirerande fagøkt på ski

Torsdag 24. januar fekk lærarar frå grunnskular og instruktørar frå idrettslag påfyll av ny kompetanse gjennom ei praktisk fagøkt på ski.

Fagøkta vart gjennomført med dyktige instruktørar frå Norges Skiforbund ved Marianne Myklebust og Ingrid Robøle.

Fagøkta på dagtid vart gjennomført i Sogndal Skisenter, Hodlekve, medan økta på kveldstid vart halde ved Breimsbygda Skisenter, Utvikfjellet.

Ivrige deltakarar fekk eit lærerik og inspirerande kurs, der dei vart introdusert for spennande øvingar og aktivitetar på ski prega av leik og høg grad av aktivitet. Dette tek dei med seg tilbake for bruk i skule og idrettslag.

Gjennom skikrinsen sitt prosjekt Utedagen 2019 fekk lærarar og aktuelle instruktørar i idrettslaga tilbod om ei fagøkt/ kurs på ski med dyktige kurslærarar frå Norges Skiforbund.

NIF-EPI02, 02