Hopp til innhold

Bilete frå jentesamlinga på Ullsheim 2019.

Fullt opp på jentesamling

Over 40 jenter var samla på jentesamling for langrenn og skiskyting helga 05.-06. januar på Ullsheim.

I samband med SSF Cup på Ullsheim inviterte Markane IL i samarbeid med skikrinsen og skiskyttarkrinsen til samling for jenter i alderen 11-16 år.

Den etterkvart faste jentesamlinga er blitt veldig populær og 42 jenter hadde ei kjekk samling med mykje aktivitetar både inne og ute.

Dei fekk også prøve seg på å laga god og sunn mat.

Stor takk til dei som bidrog i gjennomføringa av samlinga med Margunn Hjelmeset i spissen!

NIF-EPI03, 03