Er skiklubben i form?
Her finn du nyttig informasjon og verktøy for å gjere skiklubben enno betre rusta for vinteren.
God klubbdrift legg grunnlaget for å skape god aktivitet, men det kan av og til vere krevjande å finne nok tid, prioritere og vite korleis ein går fram for å realisere det ein ynskjer.
Skiforbundet har utarbeida fleire nyttige verktøy som de kan nytte i eigen skiklubb. Skikrinsen kjem gjerne til din klubb!
HER ER NOKRE FORSLAG TIL KVA VI KAN TILBY:
- Delta på eit styremøte for å bli betre kjent og presentere moglegheiter for klubben
- Ha ein temakveld for trenarar, aktivitetsleiarar og foreldre rundt verdiar og roller
- Køyre ein work-shop for korleis ein kan arrangere gode og attraktive arrangement i klubben
- Arrangere ein klubbkveld for både utøvarar, frivillige, tillitsvalte, foreldre og trenarar med fokus på klubben si framtid
- Gjennomføre ein utviklingsprosess med styret for å prioritere og definere konkrete tiltak i klubben
Vi kan skreddersy eit eige opplegg til dykkar skiklubb ut i frå kva ynskje og behov de har, enten det handlar om aktivitet, anlegg, arrangement, kompetanseheving eller andre rammevilkår.
Ta kontakt med Sogn og Fjordane Skikrins; ingrid.narum@skiforbundet.no
Sjekk ut Skiforbundet sin fagportal eller SKI-TV for å få inspirasjon.
Saman kan vi skape enno betre aktivitet for barn og unge med ski på beina!