Hopp til innhold

Samling på Golsfjellet (foto; Norges Skiforbund).

Barmarksamling for utviklingshemma

30. august-2. september gjennomførte Skiforbundet open barmarksamling for utøvarar med utviklingshemming på Golsfjellet.

Norges Skiforbund ynskjer å få opp skiaktiviteten for personar med utviklingshemming og at dei skal ha eit godt aktivitetstilbod. Dei legg m.a. til rette for opne samlingar for målgruppa.

Barmarksamlinga på Golsfjellet var retta mot utøvarar frå langrenn og alpint, og frå Sogn og Fjordane deltok Ivar Ulvedal (IL Veten).


Langtur på Golsfjellet (foto; Norges Skiforbund).


Ivar Ulvedal i aksjon på basisøkt (foto; Norges Skiforbund).

Sogn og Fjordane Skikrins ynskjer å rekruttere fleire deltakarar til dei opne samlingane til Skiforbundet og generelt legge til rette for deltaking i skiaktivitet lokalt for alle med funksjonsnedsetting.

Aktuell informasjon frå Skiforbundet:
Nettside: www.skiforbundet.no/funksjonshemmede/ 
Facebook-side: https://www.facebook.com/skiforbundetfh/ 

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03
Lars O. Berge