Hopp til innhold

Hoppsamling Lillehammer (foto Vidar Stavik).

Hoppsamling Lillehammer

I helga 09.-10. juni er hopparar frå Sogn og Fjordane samla på hoppsamling for ungdom på Lillehammer.

Samlinga er for utøvarar i hopp og kombinert i årskull 2003-2005 frå Oppland, Hedmark, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. 

Laurdag gjennomførte utøvarane barmarkstrening med NTG/ Lillehammerhopp i Håkonshallen. På kvelden var det grilling og sosialt, og søndag avslutta dei med hopptrening i bakken på Raufoss.

Frå Sogn og Fjordane stiller:

Bård Inge Fredheim, Hafslo IL
Erlend Sie, Hafslo IL
Johannes Årdal, Jølster IL
Torje Seljeset, Markane IL
Eirik Stavik, IL Veten

Stig Morten Fredheim er med som trenar på samlinga.

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03
NTB scanpix