Hopp til innhold

F.v.: Finn Årdal (Sogn og Fjordane Skikrins) og Tore Dvergsdal (Sparebanken Vest).

Forlenga avtale med Sparebanken Vest

Måndag 14. mai signerte Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane Skikrins Alpint ei ny tre-årig samarbeidsavtale på skikrinsen sitt Vårmøte på Skei.

Samarbeidsavtalen med Sparebanken Vest er med å skape ein større grad av forutsigbare og gode rammer for alpinsporten i fylket. Avtalen er avgjerande for at skikrinsen kan legge til rette for ein omfattande samlingsaktivitet i fylket, og bidreg til å skape meir og betre lokal alpinbasert aktivitet.

Med fleire lokale samlingar reduserer ein kostnadane for utøvarane, ein får sterkare lokal tilknyting og eit betre tilbod i høve breidde og satsing. Sogn og Fjordane Skikrins ser på dette som avgjerande for utviklinga innanfor alpint i fylket.

Sparebanken Vest har vore hovudsponsor til Sogn og Fjordane Skikrins Alpint sidan 2015. Den nye avtalen sikrar samarbeid mellom partane ut 2021.

Relaterte saker:
Slik utnyttar dei siste rest av snøen

nif-epi04, 04