Hopp til innhold

Bilete frå Storsamling i Midtstubakken i 2016 (foto NSF).

Solan Gundersen

Tre unge lovande hopparar frå Sogn og Fjordane deltok i helga på Solan Gundersens Vinterleikar i hopp og kombinert i Alvdal.

Solan Gundersens Vinterleikar vert arrangert for utøvarar i aldersgruppa 12-14 år frå heile landet.

Johannes Årdal (Jølster IL), Torje Seljeset (Markane IL) og Bård Inge Wangensteen Fredheim (Hafslo IL) gjorde sine saker svært bra.

I kombinert fredag vart Torje nr. 5 i gutar 13 år, medan Johannes følgte opp med ein 9. plass i gutar 14 år.

Laurdag var det duka for spesial hopprenn, og her vart det ein sterk 3. plass til Johannes i K45. Torje og Bård Inge følgte opp med henholdsvis 18. og 20. plass i K35.

Helga vart avslutta med laghopp søndag der dei tre gutane deltok på mixlaget til Sogn og Fjordane.

Resultatlister finn ein på Solan Gundersens Vinterleikar 2018

nif-epi04, 04