Hopp til innhold

Veiledar i handtering av trakassering

Seksuell trakassering og overgrep skal ikkje skje i skiidretten. Likevel veit vi at seksuell trakassering og overgrep skjer i idrettssamanheng, ofte utan at det blir rapportert.

Norsk idrett har nulltoleranse for ein kvar form for diskriminering og trakassering. Det betyr at det alltid skal reagerast på slike handlingar.

På skikrinsen sine nettsider under "Om skikrinsen" finn ein veileder i handtering av trakassering - "Rutinar for varsling".

rutinar for varsling

Alle har ansvar for å gripe inn og varsle ved brot på idretten sine retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep. Styret i kvart idrettslag har ansvar for at retningslinjene er kjent og blir følgt i praksis. Seksuelle overgrep er brot på Straffeloven (kap.26) og skal meldast til og etterforskast av politiet.

For meir informasjon, kontakt idrettskrinsen eller NIF sentralt:

NIF-EPI01, 01