Hopp til innhold

Andrine Englund Mårstøl med 1. plass i Junior NM for U21 (foto privat).

Tok juleferie på topp

Andrine Englund Mårstøl vann fredag sitt 8. FIS-renn for sesongen, då førjulsesongen vart avslutta på Ål med slalåm.

På Ål vart det tre 1. plassar og ein 2. plass på Haugen-løparen, noko som også gav seier i Junior NM for U21 i storslalåm og 2. plass i Junior NM for U21 i slalåm.

Også fleire av dei andre FIS-løparane frå Sogn og Fjordane har levert gode resultat under FIS-renna på Ål. 

Andreas Strand, Jølster IL, køyrde inn til ein sterk 4. plass i Junior NM for U21 i slalåm torsdag. Her køyre klubbkamerat Jørgen Aarøen Taklo inn til ein 25. plass. Taklo følgte fredag opp med ein 22. plass i same disiplin.

Også Sogndal-løparen Sindre Myklebust køyrte godt i slalåmrennet fredag med ein 29. plass som første års FIS-løpar.

I kvinneklassa vart det ein 13. plass i storslalåm som beste plassering for Emma Åsebø, Haugen IL.

LIVE RESULTAT - FIS ÅL

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
nif-epi04, 04
NTB scanpix