Hopp til innhold

Sogn og Fjordane-leikane

Sogn og Fjordane-leikane er utsett til laurdag 12. januar 2019 pga. snøforholda. Arrangementet vert elles gjennomført som planlagt i Sogndal Skisenter.

Sogn og Fjordane-leikane er eit arrangement på tvers av alle greinene i Sogn og Fjordane Skikrins og er open for alle, både aktive og nye, til å prøve ut dei ulike greinene.

Her skal alle kunne prøve alpint, langrenn, hopp, randonee og telemark uansett kva skiutstyr ein har. Det blir laga til spennande løyper for alle greinene rundt SIL-hytta i Sogndal Skisenter.

Sogn og Fjordane-leikane skal:

  • vise at det er moro å bruke ski og snø
  • legge til rette for å bli kjent på tvers av greiner og lære av kvarandre
  • gi alle høve til å prøve dei ulike skigreinene
  • vise fram samarbeidspartane til skikrinsen

presentasjon Sogn og Fjordane leikane

RAMMEPROGRAM LAURDAG 12. JANUAR:

  • Start ca. kl. 11.00 i Sogndal Skisenter - Hodlekve v/ SIL-hytta
  • Presentasjon av alle stasjonane (ein stasjon for kvar grein)
  • Ynskje samarbeidspartnarane velkommen
  • Alle som vil får kvar sitt nummer som dei beheld heile dagen
  • Utprøving av stasjonar/ aktivitetar for alle
  • Ein dommar gjev poeng for innsats og utføring på kvar stasjon.
    Dei som har best score får tittelen Sogn og Fjordane-leikaren!
  • Sosialt og grilling v/ SIL-hytta
  • Avslutning ca. kl. 14.00
Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
NIF-EPI03, 03
NTB scanpix