Hopp til innhold

Informasjon etter avlysing og utsetting av renn på Langeland

Informasjon frå Førde IL Langrenn om korleis ein kan krevje refusjon for startkontingentar etter at Ribberennet vart avlyst og SSF KM Klassisk utsett.

Informasjon frå Førde IL Langrenn:
Som følgje av at Ribberennet vart avlyst, kan påmeldingsavgift refunderast for klubbpåmeldingar og enkeltpåmeldingar. Vi ber om at de sender krav vedlagt kvittering for påmeldingsavgift og opplysning om bankkontonummer som refusjon skal betalast til til asgeir.tveit@kryssrevisjon.no.

KM klassisk 2019 er utsett frå 30.12.2018 til 27.01.2019. Påmelding gjort til rennet er gjeldande for rennet 27.01.2019. Dei som har meldt seg på rennet, men ikkje har høve til å stille, kan sende krav om refusjon på same måte som for Ribberennet.

nif-epi04, 04