Hopp til innhold

Gjøran Tefre under prologen på Beitostølen (foto: Terje Pedersen / NTB scanpix).

Tefre imponerte i sesongopninga

Gjøran Tefre opna sesongen med å sette den olympiske meisteren på plass i sprint-prologen på Beitostølen.

I sesongopninga i langrenn på Beitostølen var Førde-løparane best i prologen i sprint, der han vann føre Johannes Høsflot Klæbo og Emil Iversen.

Tefre var sterkast både i kvart- og semifinale og i finalen gav han Klæbo kamp til siste bakken. Det holdt ikkje heilt inn i eit sterkt finalefelt og han enda til slutt på ein 4. plass.

Også lagkamerat Torstein Bu tok seg vidare i sprinten etter ein 27. plass i proglogen, og fekk vist seg fram i kvartfinalen med ein 3. plass i sitt heat.

Sesongen starta fredag der Hyen-løparane Jon Rolf Skamo Hope vart nr. 42 på 15 km klassisk.

Opningshelga på Beitostølen held fram søndag med 10 km (damer) og 15 km (herrer) i fri teknikk.

Beitosprinten 2018

nif-epi04, 04