Hopp til innhold

Bilete frå treningssamlinga på Idrettens Møteplass i 2017.

Treningssamling på tvers

Er du i alderen 12-16 år? Bli med på treningssamling på tvers av idrettar laurdag 27. oktober i Sogndal.

Tid:
Laurdag 27. oktober kl. 09.30 – 15.30

Stad:     
Campus Sogndal/ Sogndal idrettshall
«Idrettens møteplass 2018»

For kven:
Utøvarar fødd 2002-2006

Her blir det fokus på gode økter i basistrening saman med utøvarar frå andre idrettar. 
Hovudinstruktørar er Atle Hole Sæterbakken frå Høgskulen på Vestlandet og Cecilie Eriksen frå Olympiatoppen Vest.

Atle Hole Sæterbakken:
Jobbar som forskar og undervisar på idrettsutdanningane på Høgskulen på Vestlandet. Har halde mange kurs og foredrag om funksjonell trening. Treningsfilosofien er forankra i erfaring, prøving og feiling. Tidlegare aktiv i telemark.

Cecilie Eriksen:
Basistrenar i Olympiatoppen Vest. Tidlegare aktiv i kunstløp og hurtigløp på skøyter.

Det blir også foredrag om kosthald for aktiv idrettsungdom ved Olympiatoppen Vest.

PROGRAM

Tidspunkt Innhald Kvar

Kl. 09.30

Basissamling med Atle Hole Sæterbakken (HVL) og Cecilie Eriksen (OLT-Vest), økt 1

Klar til økt kl. 09.30.

Sogndal idrettshall

Kl. 12.00-13.00

Lunsj

Sogndal vgs.

Kl. 13.00-13.30

Foredrag om kosthald for aktiv idrettsungdom v/ Pia Mørk Andreassen, OLT-Vest

Sogndal vgs.

Kl. 13.30-15.30

Basissamling med Atle Hole Sæterbakken (HVL) og Cecilie Eriksen (OLT-Vest), økt 2

Sogndal idrettshall

PÅMELDING 
Påmeldingsfrist er fredag 19. oktober 2018.

Treningssamlinga kostar kr. 200,- pr. pers. (inkl. lunsj og foredrag).

Parallelt med samlinga vert Haustmøtet til skikrinsen avvikla same stad.
Haustmøtet 2018

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
nif-epi04, 04
Lars O. Berge