Hopp til innhold

FIS-registrering Langrenn

Det er tid for inn- og utmelding av FIS-liste langrenn. Frist for inn-/ utmelding er 1. september 2020. FIS-lista er oppdatert pr. 07.09.2020.

UTMELDING - FRIST 1. SEPTEMBER 2020
Under følgjer liste over aktive FIS-utøvarar frå Sogn og Fjordane sesongen 2019-2020.

Utøvarar som ikkje ynskjer å stå på FIS-lista sesongen 2020-2021 gjev tilbakemelding til krinskontoret innan 1. september 2020.

FIS-liste Sogn og Fjordane 2019-2020 (pr. 07.09.2020)

INNMELDING - FRIST 1. SEPTEMBER 2020
Nye utøvarar (f. 2004) som skal delta i FIS-renn (NM, Jr. NM, norgescup senior, norgescup junior etc.) kommande sesong skal underteikne AD-skjema (Athletes Declaration).

Skjemaet sender ein til krinskontoret.

AD-SKJEMA

AD-skjema underteiknar ein kun ein gang i karrieren (skal ikkje fornyast). For utøvarar under 18 år må AD-skjema også signerast av føresette.

Når AD-skjema er innsendt, blir ein ført inn på FIS-lista og det vert oppretta ein FIS-kode på utøvaren.

Ein beheld FIS-koden til ein aktivt melder frå at ein ikkje ynskjer å stå på FIS-lista lenger. FIS-koden følgjer alle påmeldingar automatisk.

NB! Ver merksam på at det kostar kr. 350,- (sats for sesongen 2019-2020) å stå oppført på FIS-lista kvar sesong.

Evt. spørsmål kring ordninga rettast til adm. sjef i Sogn og Fjordane Skikrins, Ingrid Narum, tlf. nr. 92 60 14 21.

NIF-EPI03, 03