Hopp til innhold

Bilete av Anders Fortun ved tildeling av Sogn og Fjordane idrettskrins sin pris "Idrettsnamnet 2014".

Anders Fortun "Årets ildsjel"

Anders Fortun frå IL Fanaråk er ein av vinnarane av Norges Skiforbund sin pris "Årets ildsjel" i langrenn.

Kvart år kårar Langrennskomiteen i Norges Skiforbund årets «ildsjeler». Dette er personar som gjer ein ekstra innsats i langrennsmiljøet som også kjem lokalsamfunnet til gode. Vinnarane av prisen er blitt foreslått gjennom sine respektive skikretsar.

Anders er kjent for sitt store engasjement på Sognefjellet Sommarskisenter og for sitt brennande engasjement for skisporten. Begge deler i ein mannsalder.

Han får utdelt prisen på Norges Skiforbund sitt Haustmøte på Helsfyr i Oslo 19.-21. oktober. Prisutdelingen vil foregå under middagen laurdag kveld.

Sogn og Fjordane Skikrins gratulerer Anders med ei vel fortent utmerking!

Prisen vart oppretta i 2000 og tidlegare vinnar av prisen frå Sogn og Fjordane er:

2003: Per Hatledal, Markane IL
2008: Jonfinn Aske, Fj./ Vereide IL
2010: Arthur Hegrenes, Førde IL

NIF-EPI02, 02