Hopp til innhold

Ingrid Narum (foto Stig Roger Eide).

Ny adm. sjef i skikrinsen

Ingrid Narum (36) frå Sogndal er tilsett som ny administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins.

Narum tek dermed over stillinga etter at mangeårig administrasjonssjef Yngve Thorsen, begynner som HMS ansvarleg hjå Coop Vest SA frå 1. mars. Narum har lang erfaring frå idretten, og kjem frå stillinga som plan- og utdanningsleiar i Sogn og Fjordane idrettskrins.

Ho er tidlegare aktiv langrennsløpar, og har m.a. 27 startar i verdscupen.

- Eg har eit brennande engasjement for skisporten, og ser verkeleg fram til å ta fatt på arbeidet i skikrinsen. Eg vert motivert av å legge til rette aktivitet for barn og unge, og eg håpar at mi administrative erfaring og kunnskap frå idrettskrinsen skal komme skiklubbane i Sogn og Fjordane til gode, seier Narum

Krinsleiar Finn Årdal er glad for at Thorsen sin erstattar no er på plass.

-Mange kjenner nok til Ingrid frå tidlegere. H0 er godt kjent i skimiljøet, både som aktiv utøvar på høgt nivå, og ikkje minst som trenar for klubb og krins. Utdanninga og kompetansen er solid, og vi ser fram til at ho startar opp i jobben, seier han.

Narum begynner formelt i stillinga 15. april 2018.

Relatert sak; Thorsen sluttar

nif-epi04, 04