Hopp til innhold

Åge Solheim (Haugen IL). Foto: Privat.

FIS-registrering Alpint

Frist for inn-/ utmelding av FIS-liste Alpint sesongen 2017-2018 er tysdag 22. august 2017.

UTMELDING - FRIST 22. AUGUST 2017
Under følgjer liste over aktive FIS-utøvarar frå Sogn og Fjordane føregåande sesong (2016-2017)

Utøvarar som ikkje ynskjer å stå på FIS-lista kommande sesong (2017-2018) gjev tilbakemelding til krinskontoret innan tysdag 22. august 2017.

INNMELDING - FRIST 22. AUGUST 2017
Nye utøvarar (f. 2001) som skal delta i FIS-renn kommande sesong (2017-2018) skal underteikne AD-skjema (Athletes Declaration).

NB! Ein må ha underteikna AD-skjema for å kunne stille til start i FIS-renn.

Skjemaet sender ein til krinskontoret.

AD-skjema underteiknar ein kun enn gang i karrieren (skal ikkje fornyast). For utøvarar under 18 år må AD-skjema også signerast av føresette.

Når AD-skjema er innsendt, blir ein ført inn på FIS-lista og det vert oppretta ein FIS-kode på utøvaren.

Ein beheld FIS-koden til ein aktivt melder frå at ein ikkje ynskjer å stå på FIS-lista lenger. FIS-koden følgjer alle påmeldingar automatisk.

FIS-lisensen er kr. 500,- pr. utøvar pr. sesong.

FIS-liste Sogn og Fjordane 2016-2017

Athletes Declaration - English

Evt. spørsmål kring ordninga rettast til adm. sjef Yngve Thorsen, tlf. nr. 92 60 14 21.

Med venleg  helsing
Sogn og Fjordane Skikrins

Yngve Thorsen (s)
Adm. sjef

Postadresse: Sogn og Fjordane Skikrins, Postboks 221, 6802 Førde Besøksadresse: Firdaveien 6, Førde
nif-epi04, 04