Hopp til innhold

FIS-registrering Alpint

Frist for inn-/ utmelding av FIS-liste alpint til sesongen 2020-2021 er 25. september 2020. Informasjon er oppdatert 26.09.2020.

UTMELDING - FRIST 25. SEPTEMBER 2020
Under følgjer liste over aktive FIS-utøvarar frå Sogn og Fjordane føregåande sesong (2019-2020).

Utøvarar som ikkje ynskjer å stå på FIS-lista kommande sesong (2020-2021) gjev tilbakemelding til krinskontoret innan 25. september 2020.

FIS-liste Sogn og Fjordane 2019-2020 (oppdatert 26.09.2020)

INNMELDING - FRIST 25. SEPTEMBER 2020
Nye utøvarar (f. 2004) som skal delta i FIS-renn kommande sesong (2020-2021) skal underteikne AD-skjema (Athletes Declaration).

NB! Ein må ha underteikna AD-skjema for å kunne stille til start i FIS-renn.

Skjemaet sender ein til krinskontoret.

AD-skjema underteiknar ein kun enn gang i karrieren (skal ikkje fornyast). For utøvarar under 18 år må AD-skjema også signerast av føresette.

Når AD-skjema er innsendt, blir ein ført inn på FIS-lista og det vert oppretta ein FIS-kode på utøvaren.

Ein beheld FIS-koden til ein aktivt melder frå at ein ikkje ynskjer å stå på FIS-lista lenger. FIS-koden følgjer alle påmeldingar automatisk.

FIS-lisensen er kr. 600,- pr. utøvar pr. sesong (Alpinkomiteen i Norges Skiforbund har vedteke å auke FIS-lisensen til 600 NOK, med bakgrunn i valutakurs dei siste to åra).

AD-skjema

Evt. spørsmål kring ordninga rettast til adm. sjef i Sogn og Fjordane Skikrins, Ingrid Narum, tlf. nr. 92 60 14 21.

NIF-EPI01, 01