Hopp til innhold

Uttale "fluorsaka"

Skikrinsen oppmodar om at alle skirenn approbert i skikrinsen si terminliste skal vere "fluorfrie". Dvs. at ein oppmodar alle klubbar å nytte gliprodukt utan fluor – spesielt i årsklassane til og med 16 år (gjeld alle skigreiner).

Følgjande vart vedtatt i Skikrinsstyret 11. desember 2017:

Vedtak:
Skikrinsstyret tek saka til orientering, og gjer vidare vedtak om å oppmode at alle arrangement approbert i Sogn og Fjordane Skikrins si terminliste skal vere «fluorfrie». Dvs. at ein oppmodar alle klubbar å nytte gliprodukt utan fluor – spesielt i årsklassane til og med 16 år.

Bakgrunn:
Viser til utgreiing og vedtak frå Skikrinstinget 2017, Sak 9.2 Forbod mot fluorholdig glidesmurning i aldersbestemte klassar.

 "Skikrinstinget gjer vedtak om at Sogn og Fjordane Skikrins skal følgje Norges Skiforbund sine anbefalingar og vedtak i høve saka, samt at ein støttar arbeidet med forbod mot bruk av fluorhaldige gliprodukt i aldersbestemte årsklassar. Skikrinstinget gjer vedtak om at Sogn og Fjordane Skikrins skal førebu og informere idrettslaga og ålmenta om forbodet som kan kome, i høve bruk av fluorhaldige gliprodukt i aldersbestemte årsklassar."

 Det har den siste tida versert noko ulike oppfatningar og variantar når det gjeld ev. fluorforbod, og i den samanheng har Norges Skiforbund komt med følgjande presisering.

Langrennskomiteen (NSF) sitt vedtak i etterkant av Haustmøtet var som følgjer:

"Langrennskomiteen i Norges Skiforbund innfører eit fluorforbod i klassane til og med 16 år, men først når det finst sikre kontrollmetodar som kan identifisere fluor under skia før start i skirenn. Metodar for kontroll finst ikkje per dags dato, men fleire arbeidar med å få dette på plass. Fram til dette forbodet trer i kraft oppmodar ein alle skikretsar og klubbar til å nytte gliprodukt utan fluor – i alle skirenn – spesielt til og med 16 år. Når sikre kontrollmetodar er på plass skal forbodet gjelde frå 14 dagar etter at alle kretsar og klubbar har mottatt informasjon frå NSF om at forbodet inntreffer. For å avgrense helse- og miljøskade ved bruk av fluor vil langrennskomiteen i Norges Skiforbund oppmode alle å sjå til at vedtekne smørevettreglar og reglar for handsaming av avfall vert fulgt."

Endringar i rennreglementet vert vedteke av Skistyret etter uttale frå lov- og påtaleutvalet, og inntil kontrollmetodar er på plass og eit slikt vedtak er gjort, føreligg det ikkje noko forbod mot fluor i konkurransar.

Skikretsane har dermed ikkje høve til å innføre eigne rennreglement for renn i NSF si terminliste. Kretsar og klubbar må gjerne vedta oppmodingar, men dette kan ikkje kommuniserast som regel eller forbod.

For ev. kommentarar:
Krinsleiar, Finn Årdal (tlf. nr. 97 09 94 54)
Adm. sjef, Yngve Thorsen (tlf. nr. 92 60 14 21)

NIF-EPI03, 03